fredag 2. oktober 2015

SVIKET

Det er blitt sagt at få ting blir så fort historie som fotballkampar. At få ting blir så fort gløymt. Ikkje minst gjeld det dersom ting snur, frå motgang til ei slags form for medgang. Og noko har skjedd med Brann i løpet av sommaren. Det er slett ikkje slik at laget spelar sprudlande sexy-fotball ala Follo og Barcelona. Men det som no er blitt til ti kampar utan tap ser ut som den berømte flyten. Medgangsbølgja. Som er så lang at vi knapt legg merke til at vi er på den, så kanskje vi heller skal kalle det for ei medgangsdønning. Og det burde vere gode nyheter. For kven kan stoppe ei dønning? I alle fall ikkje det langt frå flomsikre Mjøndalen, om no Fru Fotball Fortuna sitt lodd skulle vise ein ny kvalikrunde mot brune trøyer opp mot førjulstida.

Med mild optimisme skal hausten erobrast. Den gode samtalen har slått rot i garderoben. Liksom.

Eg greier nemleg ikkje å bli med. Eg greier ikkje å komme meg vidare. For eg får ikkje fred frå spørsmåla. Eitt av dei spør: Kva var det som skjedde ute på jordet i Levanger tysdag 21. mai 2015? Og nye melder seg: Var det dagen då alle endeleg innsåg at den svenske keisaren ikkje hadde verken klede eller drakt på seg? Var det dagen då Rikard Norling møtte ein evig dom som ein sjarmerande sjarlatan, som berre Brann var i stand til å avsløre? I historiebøkene ser det slik ut. Men eg meiner det framleis er grunn til å dvele ved kampen. Å ikkje la den bli historie. Eg skal søren meg ikkje gløyme. Aldri.

For her kjem litt alternativ historieskriving. Kampen mot Levanger var ingen av delane ovanfor. Kampen var tvert om eitt av dei største svika som er blitt utført i Brann si historie. Var det slik at spelarane verkeleg ikkje evna å slå ein pasning som traff medspelar? Var det slik at dei ikkje greidde dempe ein ball? At det brått var kvantefysikk og noko som skjedde i andre dimensjonar? Går det an å gløyme ting som ein har lært i grunnkurs? Elementær fotball? Er det muleg å spele ein kamp utan at det går meldingar frå hjernen og ut til armar og bein? Er det muleg å gløyme å sykle etter at du har lært det? Kan Tore Andrè Flo bli ein hedersmann? Kan Kristoffer Larsen velgje Barbie og Ken som motiv på ei ny tatovering? Kan Fredrik Haugen be frisøren om 80-talspermanent? Kan Kristoffer Barmen gå på antabus? Kan Erlend Hanstveit digge Ibiza-tekno? Kan Piotr bytte ut Chuck Norris med Hugh Grant? Kunne Marcus Pedersen ha bytta ut sminkøsene på Metro med fruene på Lido? Kunne Kjell Tennfjord spurt om å få stille som styreleiar etter skandaleårsmøtet?

Dersom det var slik at spelarane i Levanger-kampen gjorde sitt beste, ja, så er det å likne med at alt dette skulle skjedd. Samtidig. Og då ville dei vore tilgitt. Men slike ting skjer ikkje. Så dermed blir konklusjonen at den kampen var ein sabotasjeaksjon mot Rikard Norling. For berre nokre dagar seinare, så var det den same gjengen som kom på bana, men all erfaring og kunnskap, som verka tapt mot Levanger, det var no tilbake i fullt mon. Når vi kom til bortekampen i cupen mot Bryne var det liten avstand mellom lagdelane. Difor vann vi. Utan at LAN hadde hatt ei full treningsøkt med gjengen. Etter 16.mai-kampen stod ein fortvila Norling framfor Frydenbø og prøvde å forklare at avstanden mellom lagdelane var for stor. Med andre ord hadde han prøvd å innprente i ein og ein halv sesong noko som dei fekk til med det same flyet hans tok bakken på Arlanda. Brann bestod med andre ord av ein gjeng totalt utan ære og stolthet for yrket sitt. Dei var elendige handverkarar.

For ikkje å snakke om den sutrete haldninga. Ta for eksempel Jonas Grønner. Han som hausten før så presteprektig stod fram og proklamerte at jaudå, hadde han vore med på å føre Brann ned, så var det hans fordømte plikt å hjelpe klubben opp att. Men det gjekk ikkje mange fortjente kampar på benken før klaginga i media tok til. Og korleis var klagen utforma? Vekke var alt snakket om å sette laget føre seg sjølv i alle fall. For her var det kun snakk om eigeninteresser. Det var kun snakk om å «tenke på min egen utvikling», som om han ikkje hadde noko ansvar sjølv for at han var for dårlig til ein fast plass i midtforsvaret. Han smurte attpåtil på med at landslagsplassen hans på U21-laget kom til å stå i fare dersom han ikkje fekk speletid. Så der er fokuset altså! På seg sjølv og … og … landslaget! Det er i slike stunder synging og støtten frå tribuna set seg fast i halsen på meg. Og eg får heller lyst til å rope som i sommarens tribunehit frå Bjarte Hundvin og Felt H:

«Rykk meg opp, din late stokk! Overbetalte snyltar!»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar