fredag 12. september 2014

Ein positivitetsguide til Adecco

Eg har overraska meg sjølv denne sesongen. Eg pleier som regel å vere negativt innstilt, og tenkje det verste om ting. Det har gitt meg mykje fotballglede opp gjennom åra. Ein blir ikkje så skuffa når det går gale, og oppturane er store når det går bra. Men eitterkvart som sesongen har skride fram, og vi har nådd nye djupner på tabellen, har mykje av denne negativiteten snudd. Årets sesong har gjort meg til ein meister i å «tenke positivt». Årets sesong har gjort meg til ein mønsterelev på RBHs fotball- og supportarskule. For eit nedrykk vil bringe med seg mykje positivt. For det første er det mulig å tenkje seg at RBH blir nødt til å rydde kontoret sitt dersom vi rykkar ned. Då kan ein sesong i Adecco-land vise seg å bli reine skjærsilden, at vi kjem opp igjen derifrå som ein rensa klubb, klare til å spreie republikansk fotballånd like fram til Ullevaal. Heller eit slikt opphald, og stor framgang i åra etter, enn midt-på-tabellen-plasseringar i overskueleg framtid.

Ein ting er at vi kjem til å vinne kampar i Adecco, men den mest positive følgja av ein sesong i helvete er alle dei nye stadene vi skal besøke og oppleve. Difor har vi allereie no utarbeida ein positiv reiseguide for neste sesong. Tru meg, det kjem til å bli eit eventyr.

Vi startar på bunnen. Ulf Sandnes slår følgje med oss ned, og såleis ikkje noko nytt reisemål. Sandnes har ein gjøk i byvåpenet sitt, og dei som bur der omtalar seg sjølv som gjøkar også. Så for dei ornitologisk interesserte er dette eit eventyr av ein stad. Men oss andre dreg vidare til ein gamal klassikar. Vi skal til Mjøndalen.

Potetfest på Nedre Eiker i 2015
Mjøndalen kan minne litt om Lillestrøm, i form av at begge er såkalte «stasjonsbyar» og har pubar i gamle trehus. Og på same måten som Lillestrøm er ein større fotballby enn Oslo er Mjøndalen ein større fotballby enn Drammen. Ingen kan påstå at supportarane ikkje står last og brast med klubben sin. På kulturfronten må det nemnast at AC/DC-tributebandet Dirty Deeds kjem ifrå byen. I motsetnad til til dømes Råde har byen dessutan eit godt bibliotek. Å bytte ut Drammen med Mjøndalen kjem til å bli eit eventyr.

Å reise på bortetur til Østfold har alltid vore noko å glede seg til. I år traff vi til og med på systera til Per Egil Ahlsen i Sarpsborg. Og viss vi rykker ned får vi den originale Østfold-turen tilbake. Vi får dra til Fredrikstad, der våre nærmaste supportarslektningar bur. Det blir tid for pølse i vaffel, jangling på vollane og lange ballær på vingane. Jaudå, vi svergar til den same spelestilen, og er vi skikkeleg heldige treffer vi sikkert sjølvaste Per Egil Ahlsen denne gongen. Eller Raymond Kvisvik. Moro blir det. Å bytte ut Sarpsborg med Fredrikstad kjem til å bli eit eventyr.

Så moro er det ikkje å dra til Trøndelag. Og vi blir ikkje forskåna for denne skjebna i Adecco heller. Vi må til pers. Vi må til Ranheim. Det går rykter om at Ranheim har verdas to dårlegaste supportarsongar i respektive «Ra-ra-ra-ranheim» og «Adecco-KO-KO-KO». Det høyrest ille ut, men at det skal vere verre enn RBKs «Å-hei-å-hei-å-hei-åhå» har eg vondt for å tru. Sannsynlegheita for at vi kjem til å slå Ranheim er vilt større enn at vi slår RBK på Lerkendal. Å bytte ut RBK med Ranheim kjem til å bli eit eventyr.

Kan ein finne noko positivt med Bærum? Tja, fotballklubben har visst ei uttrykt målsetjing om å ikkje sleppe inn meir enn eitt mål i kvar kamp. Omtrent som oss der altså. Heimebana til Bærum heiter Kadettangen. Med eit slikt namn kan ein glatt sjå for seg at Jens Book Jensen sitt gjenferd tek hand om speakartjenestene på stadion. Vi kjem bokstaveleg tala til å valse over Bærum så dei ligg svimle att etter oss på Hovedøen. Det blir noko anna enn Nadderud. Å bytte ut Stabæk med Bærum kjem til å bli eit eventyr.

Som nevnt er Østfold for mange av oss eit kulinarisk høgdepunkt. Dei som svergar til meir sofistikert pausefyll kan glede seg til bortekampen mot Kristiansund. For i bacalaoens hovudstad veit dei korleis dei skal tilberede fisk. Så tru om ikkje denne borteturen nesten blir som å dra vekk for å kome heim? Songglade er dei også, då dei har eigen opera og greier. Dette minner om opplegget for ein god fest, så det er lov å håpe på laurdagskamp. Vi skal heller ikkje sjå vekk ifrå at det finst Molde-hat i byen. Å bytte ut Molde med Kristiansund kjem til å bli eit eventyr.

Til og med eit lokaloppgjer får vi med oss i Adecco. Vi slepp å køyre fleire timar i bil og ta ferje for å dra til naboen. Vi skal til Sotra. Vi skal spele mot Nest. Når eg leser på supporterklubben sine heimesider at det er forbudt å hetse NFF og dommarar er det så eg kan høyre Tommy Sulen sine positivitetsviser om att. Sidan dette skal vere ein positivitetsguide kan bortekompen fortone seg som eit høgdepunkt. På papiret. Det blir nok eit eventyr.

Kan nedrykket vårt vere første steg på vegen til lausriving av Vestlandet? Det er ein regnvåt tanke. For det er mange vestlandsklubbar i Adecco. Hødd er ein av dei. «Heia Hødd, slutt og kødd!» Jaudå, greitt nok det, men her blir det grillfest på Geir Hasunds altan ein gong om året. Då toler dei heilt sikkert at vi brenner ned pølseboda deira. Dette blir ikkje berre eit eventyr, det blir ein tur til himmelriket.

Bryne Stadion - ei perle på Jæren
No når eg fyrst er komen i gong, greier eg også å finne positive ting med Bryne. I Adecco slepp vi nemleg å møte Klanen, som alltid prøver å etterlikne bønder. I Bryne får vi sjå ekte vare. Har du lurt på kva som er den beste traktoren av John Deere og Massey Ferguson? Ikkje det? Ikkje eg, heller. Men eg ser likevel fram til å tileigne meg det ein på lærarskulespråket kallar taus kunnskap. Var det frå Bryne Mons Ivar Mjelde fekk metaforane om kapteinen som bjellesauen på laget? Tenk på kva Norling kjem opp med når han ser bølgjene slå inn over jærstrendene. Arne Garborg har gått og hengt seg. Det blir meir eventyr i vente.

Så er det høgdepunktet nesten heilt til slutt, og den staden som ligg høgast på kartet. Eg sitter og ber og tryglar om at dei skal berge ny Adecco-kontrakt. Eg snakkar om Alta. Her blir det helgetur same kva dag kampen går på. Det luktar stoff som Malmø-legender er sydd av. Her er ein kamp for dei motige. RBH tør ikkje dette. Det treng han ikkje heller. For eg vil satse vekk budsjettunderskotet på veddeløpsbana for reinsdyr som dei har der oppe. Det må bli eit eventyr.

Finst det då ikkje eit negativt gen i denne ligaen? Jau, så langt har eg kome over eitt: Strømmen. Det skal godt gjerast å glede seg til å dra til ein amputasjon av Lillestrøm. Her blir det meste som før, og vi er tilbake i Tippeligaen når sesongen er over.