
Eg greier nemleg ikkje å bli med. Eg greier ikkje å komme meg vidare. For eg får ikkje fred frå spørsmåla. Eitt av dei spør: Kva var det som skjedde ute på jordet i Levanger tysdag 21. mai 2015? Og nye melder seg: Var det dagen då alle endeleg innsåg at den svenske keisaren ikkje hadde verken klede eller drakt på seg? Var det dagen då Rikard Norling møtte ein evig dom som ein sjarmerande sjarlatan, som berre Brann var i stand til å avsløre? I historiebøkene ser det slik ut. Men eg meiner det framleis er grunn til å dvele ved kampen. Å ikkje la den bli historie. Eg skal søren meg ikkje gløyme. Aldri.
For her kjem litt alternativ historieskriving. Kampen mot Levanger var ingen av delane ovanfor. Kampen var tvert om eitt av dei største svika som er blitt utført i Brann si historie. Var det slik at spelarane verkeleg ikkje evna å slå ein pasning som traff medspelar? Var det slik at dei ikkje greidde dempe ein ball? At det brått var kvantefysikk og noko som skjedde i andre dimensjonar? Går det an å gløyme ting som ein har lært i grunnkurs? Elementær fotball? Er det muleg å spele ein kamp utan at det går meldingar frå hjernen og ut til armar og bein? Er det muleg å gløyme å sykle etter at du har lært det? Kan Tore Andrè Flo bli ein hedersmann? Kan Kristoffer Larsen velgje Barbie og Ken som motiv på ei ny tatovering? Kan Fredrik Haugen be frisøren om 80-talspermanent? Kan Kristoffer Barmen gå på antabus? Kan Erlend Hanstveit digge Ibiza-tekno? Kan Piotr bytte ut Chuck Norris med Hugh Grant? Kunne Marcus Pedersen ha bytta ut sminkøsene på Metro med fruene på Lido? Kunne Kjell Tennfjord spurt om å få stille som styreleiar etter skandaleårsmøtet?

For ikkje å snakke om den sutrete haldninga. Ta for eksempel Jonas Grønner. Han som hausten før så presteprektig stod fram og proklamerte at jaudå, hadde han vore med på å føre Brann ned, så var det hans fordømte plikt å hjelpe klubben opp att. Men det gjekk ikkje mange fortjente kampar på benken før klaginga i media tok til. Og korleis var klagen utforma? Vekke var alt snakket om å sette laget føre seg sjølv i alle fall. For her var det kun snakk om eigeninteresser. Det var kun snakk om å «tenke på min egen utvikling», som om han ikkje hadde noko ansvar sjølv for at han var for dårlig til ein fast plass i midtforsvaret. Han smurte attpåtil på med at landslagsplassen hans på U21-laget kom til å stå i fare dersom han ikkje fekk speletid. Så der er fokuset altså! På seg sjølv og … og … landslaget! Det er i slike stunder synging og støtten frå tribuna set seg fast i halsen på meg. Og eg får heller lyst til å rope som i sommarens tribunehit frå Bjarte Hundvin og Felt H:
«Rykk meg opp, din late stokk! Overbetalte snyltar!»